Trafikkulykke i Fløyfjelltunnelen

DEL

14.07 fekk politiet melding om ei trafikkulykke i Fløyfjelltunnelen, melder dei på Twitter.

Ein lastebil skal ha køyrt i tunnelveggen. Skadeomfanget for sjåføren er uvisst, og politiet melder at han blir behandla av helsepersonell.

Trafikken går sakte forbi i høgre felt. Naudetatane er framme på staden.

Brannvesenet melder at det er nokre materielle skader og oljelekkasjar frå lastebilen.

Klokka 15.26 melder Vegvesenet at tunnelen er opna att etter opprydding.

Avisa Nordhordland oppdaterer saka.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags