Politiet søkjer etter eigar av jolle

DEL

Tidleg torsdag morgon skal ein oppblåsbar jolle ha blitt observert i Hindenesfjorden ved Ostereidet.

– Vi trur at han moglegvis kan ha slite seg i uvèret som har vore, fortel politibetjent ved Nordhordland lensmannkontor, Roland Nyhammer Tvedt.

Vidare fortel Tvedt at jollen også har ein påhengsmotor.

– Jollen ligg no fortøydd i Hindenesfjorden, seier han.

Tvedt ber ein eventuell eigar om å ta kontakt med lokal politi.

Artikkeltags