Leiteaksjon etter sakna mann i 80-åra

Heimevernets avdeling HV9 søkte i Åstveitskogen fredag formiddag.

Heimevernets avdeling HV9 søkte i Åstveitskogen fredag formiddag. Foto:

Store ressursar bistår søket på Tertnes i Åsane. Sakna sin bil er funnen forlaten.

DEL

Norvald Tvedt (82) busett på Tertnes er meldt sakna av familien sin.

- Mannen vart sist observert utandørs måndag i Åsane. Bekymring frå familien hans er bakgrunnen for at me no søkjer, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt.

Mannskap frå Røde Kors, Norske Redningshunder, Norsk Folkehjelp og Sivilforsvaret deltek i søket, i tillegg til politiet sitt eige personell.

Har funnen bilen

Den siste sikre observasjonen av mannen vart gjort utandørs i Åsane på måndag, ifølge politiet.

Sakna sin bil er no funnen i nærleiken av Åstveitskogen, kor mannen pleier å gå turar. Det er uvisst når mannen parkerte der.

– Gjennom natta har me grovsøkt eit større skogområde i nærleiken av bilen, men det er tett vegetasjon og mykje furu, så det er vanskeleg å få oversikt frå lufta, seier innsatsleiar Ivar Kvant i politiet.

Søket held på primært i Åstveit-området.

Fryktar han treng hjelp

Sakna er omkring 170 cm høg, har kvitt hår og skjegg. Politiet har ikkje fått oversikt over kva klede mannen har på seg.

Mannen vart meldt sakna torsdag kveld. Tidspunktet for når mannen parkerte ved Åstveitskogen er ikkje kartlagt.

- Me veit ikkje kor lenge han har vore borte. Frykta er at han har falle på tur og fått eit sjukdomsanfall, og er i nød, opplyser Kvant.

Politiet har planar om å oppretthalde trykket på søket gjennom dagen.

- Me ser heile tida på kva me kan bruke av tilgjengelege ressursar, men me må tenkje på kor lenge søket skal halda på. No køyrar me på med frivillige og eigne ressursar, fortel innsatsleiaren i politiet.

Saka vert oppdatert.

Artikkeltags