KNM «Helge Ingstad» har sokke: – Fleire vaierar har slitna

Fregatten KNM «Helge Ingstad» ligg nesten under vatn.

DEL

BA: Kystverket fekk klokka 0617 tirsdag morgon varsel om at krigsskipet hadde glidd djupare ned i vatnet, melder VG.

– Fleire vaierar har slitna. Vi prøver å få kontakt med Sjøforsvaret no, for å høyra om korleis dei planlegg å følga opp dette, seier Solveig Moe Frøland, kommunikasjonsdirektør i Kystverket, til BA.

Måndag inviterte Sjøforsvaret pressa ut til Øygarden for ein titt på fregatten på nært hald. Då opplyste dei blant anna at ni av ti vaierar var festa.

Sjøforsvaret leiar bergingsaksjonen av fregatten som vart køyrd på grunn etter å ha kollidert med tankeren «Sola TS» natt til torsdag.

Helge Ingstad

Helge Ingstad Foto:

Kystverket bistår i berginga, samtidig som dei overvåkar oljeutsleppet frå havaristen, og er i beredskap om det skulle forverre seg.

– Vi har eit fly som undersøker området. Førebels er det ikkje dramatikk i mengda olje som lek, seier Frøland.

Arbeidene med å sikre og redde den havarerte fregatten KNM Helge Ingstad utenfor Sture i Øygarden fortsatte i dag. Skipet blir sikret med wire i land og planen er å flytte det til en lekter for å slepe skipet til Haakonsvern.

Arbeidene med å sikre og redde den havarerte fregatten KNM Helge Ingstad utenfor Sture i Øygarden fortsatte i dag. Skipet blir sikret med wire i land og planen er å flytte det til en lekter for å slepe skipet til Haakonsvern. Foto:

Uavhengig av den siste utviklinga, som gjer at fregatten har sige lenger ut og ligg djupare, har Kystverket mobilisert meir ressursar.

– Vi jobbar for å vera på den sikre sida og har rekvirert ytterlegare to fartøy i den kystnære oljevernberedskapen for å mobilisere ressursar for å jobba vidare. Det har tidvis vore lekkasjar frå fregattens dieseltank, men det er ikkje meir no enn før, seier kommunikasjonsrådgjevar Pål Are Lilleheim i Kystverket til BA.

Pressekonferanse

Tirsdag føremiddag hadde Sjøforsvaret pressekonferanse om den dramatiske utviklinga av fregatthavariet.

Yngve Skoglund, flaggkommandør og sjef Nasjonalt Sjøoperasjonssenter seier dette heile tida har vore ein krevjande og kompleks sikringsoperasjon.

– Fregatten har lagt stabilt sidan torsdag, det såg vi seinast i går. Usikkerheiten har helie tida vore knytt til om vaierane ville klare å halda vekta av fregatten oppe. Vaierane klarte å halda fartøyet horisontalt, men vi ser no altså at dei ikkje klarte å holde det oppe vertikalt, seier Skoglund.

Sjøforsvaret jobba måndag kveld med å erstatta og forsterka to av dei fremste vaierane som holdt oppe baugen av fregatten.

– Baugen sank omlag ein meter djupare i går kveld då dei to svakaste festepunkta slitna. Vi jobba fram til midnatt med å forsterke sikringa, men etter midnatt anså vi ikkje situasjonen som trygg nok til at vi framleis kunne bruke personell i arbeidet. Klokka 0600 slitna samtlege sikringa framme på fartøyet då festet i fjellet gav etter, forklarar Håvard Mathiesen, sjef for Forsvarsmateriell.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags