Arbeidet i gang att med «Helge Ingstad»

Av
DEL

Arbeidet med å klargjera den forliste fregatten KNM «Helge Ingstad» er starta opp att etter at det måtte innstillast torsdag kveld på grunn av vind.

Vêret har bedret seg i løpet av helga, og vidare arbeid på havaristen vart starta opp att i løpet av lørdag ettermiddag, melder Forsvaret.

Arbeidet med å klargjera løftekjettingar til heving held fram også søndag og vil fortsetta så lenge vêret tillet. Det er framleis ein del arbeid som står att.

Vêret er hovudproblemet for hevingsforsøket og allereie til veka blir det meir vind. Tirsdag ettermiddag skal vindstyrken auka til liten kuling før den igjen dabbar av til laber bris fredag.

Fregatten ligg under vatn i fjøra i Øygarden i Hordaland etter kollisjonen med tankskipet Sola TS natt til 8. november i fjor.

Færre omkom på sjøen 

Artikkeltags