Gigantslep gjer at Leirvåg-Sløvåg-ferja må legga om kursen

Dette gigantslepet fører til at MF «Melderskin» må legga om kursen, fredag morgon. Foto: Lesarfoto
Artikkelen er over 2 år gammel
Eit gigantslep for Statoil skapar for tida problem for MF «Melderskin» som trafikkerer strekka Leirvåg - Sløvåg på Fensfjorden.
Det gjer at ferja må gå rundt øya vest for ferjekaia i Leirvåg.
– Det har ikkje skapt nokon forseinkingar til no, seier kaptein på MF «Melderskin», Tore Mangersnes til avisa Nordhordland.
Slepet kom inn i Fensfjorden onsdag kveld og det er venta at det vil ligga der til i byrjinga av neste veke.
Mangersnes seier dei har litt å gå på med farten på ferja.
– Men det kan verta litt utfordringar med helgetrafikken i ettermiddag, seier han og legg til at det heile har gått bra til no.
Kommentarer til denne saken