Dette betyr statsbudsjettet i kvardagen

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto. Foto:

Av

NRK-lisensen blir lagt om, alkohol og tobakk blir justert etter prisstiginga og det blir dyrare å handle i utanlandske nettbutikkar. Slik slår statsbudsjettet ut.

DEL

Mat, drikke og tobakk

  • Alkoholavgifta blir auka med 2 prosent, både for sprit, øl og vin. Dette er i takt med prisstiginga. Avgifta på lettøl blir òg auka med rundt 2 prosent.
  • Sukkeravgifta for brusdrikke består. Dermed blir det ikkje noko prisfall på norsk brus, slik brusprodusentane hadde håpt på. Tvert imot blir avgifta prisjustert opp i budsjettforslaget.
  • Tobakksavgifta blir auka med 1,9 prosent for sigarar, sigarettar, røyketobakk, snus og skråtobakk, ei rein prisjustering.

Bil og motor

  • CO2-avgifta for bensin aukar med 6,8 prosent og vil ligge på 1,26 kroner per liter neste år. Men for å kompensere for dette kuttar regjeringa vegbruksavgifta (bensinavgifta) med 6,5 prosent for bensin og 5,0 prosent for diesel. Vegbruksavgifta vil ligge på 4,91 kroner per liter neste år, mot 5,25 i år.
  • Avgifta for bioetanol blir kutta med 54,9 prosent.
  • Eingongsavgifta for bilar blir auka med 1,9 prosent. Avgifta gjeld ikkje for elbilar.

Bompengar

  • Regjeringspartia har tidlegare varsla at folk som har store utgifter til bompengar, skal få trekke det frå på skatten gjennom eit eige frådrag. Men dette forslaget er no skrinlagt, ifølgje VG. – Vi har prioritert å følgje opp bompengeavtalen, som gir meir lette i bompengar og som gir raskare effekt for bilistane, opplyser statssekretær Lars Joakim Hanssen (Frp).

Straum

  • Elavgifta blir prisjustert og blir auka med 1,9 prosent. Ho vil ligge på 16,13 øre per kWh neste år, mot 15,83 i år.

Lisens

  • NRK-lisensen blir fjerna, noko som har vore kjent ei stund. I staden skal NRK finansierast over skattesetelen ved å redusere personfrådraget i inntektsskatten. Ein husstand med to skattytarar vil betale om lag same lisens som tidlegare, opplyser regjeringa.

Netthandel

  • Som varsla blir den avgiftsfrie grensa på 350 kroner når ein kjøper varer på nett frå utlandet, fjerna. Dermed blir desse varene dyrare. Det blir oppretta eit system der dei utanlandske nettbutikkane må registrere seg for å betale inn moms.

Skatt og sparing

  • Den maksimale eigedomsskatten kommunane kan ta, blir redusert ytterlegare, ned til 4 promille.
  • Grensene for bustadsparing for ungdom (BSU) blir haldne uendra: Maksimalt sparebeløp per år er 25.000 kroner, og det totale maksbeløpet er 300.000 kroner.
  • Frådraget for fagforeiningskontingent blir halden på same nivå som i år, 3.850 kroner.
  • Det blir foreslått ingen endringar som påverkar rentefrådraget. Dermed vil bustadeigarar med lån framleis kunne trekke frå renteutgifter på skatten på same vis som tidlegare.

Familie og barn

  • Barnetrygda skal auke med 3.600 kroner i året for barn opp til fylte seks år. Det skjer frå 1. september 2020.
  • Maksprisen for barnehage blir auka til 3.135 kroner i månaden frå 1. januar neste år. I august 2019 var maksprisen på 3.040 kroner.
  • Det blir sett eit tak på foreldrebetalinga på SFO for elevar på 1. og 2. trinn frå neste skuleår. Prisen per plass skal ikkje vere høgare enn 6 prosent av inntekta til husstanden.
  • Det blir innført faste satsar for stønad til barnebriller frå 1. mars 2020. Satsen for ordinære briller blir sett til 1.200 kroner, medan satsen for ekstra tilpassa briller blir sett til 2.400 kroner. Tiltaket er anslått å gi ein innsparing på 122 millionar kroner i 2020.
  • Støtte til kosmetisk tannregulering bør fjernast, meiner regjeringa. Omlegginga vil truleg føre til at talet på barn og unge som startar opp med tannregulering, blir redusert frå 30.000 til 20.000 i året, ifølgje Helse- og omsorgsdepartementet.
  • Kontantstøtta blir halden på same nivå som i 2019.

Helse

  • Grensa for når ein får frikort til behandling hos lege, psykolog og ved sjukehus (eigendelstak 1) blir auka frå 2.369 til 2.460 kroner.
  • For eigendelstak 2, som gjeld mellom anna fysioterapibehandling og enkelte tannbehandlingar, aukar grensa frå 2.085 kroner til 2.176. kroner.
  • Eigendelane for legebesøk og helsebehandling blir auka i tråd med forventa lønnsvekst.
  • Takstane for stønad til tannbehandling frå folketrygda blir auka generelt med om lag 2,2 prosent. Dette er noko lågare enn forventa pris- og kostnadsvekst, og inneber ei innsparing for folketrygda på om lag 22 mill. kroner.

Reise

  • Botnfrådraget for pendlarar aukar frå 22.700 til 23.100 kroner, i tråd med anslått prisvekst.
  • Flypassasjeravgifta blir auka frå 75 kroner til 76,5 kroner for reiser med sluttdestinasjon i Europa, medan satsen for reiser ut av Europa blir endra frå 200 til 204 kroner.

Utdanning

  • Planen om å trappe opp til elleve månaders studiestøtte blir fullført. Opptrappinga har skjedd gradvis dei siste åra. På fjorårets statsbudsjett fekk studentane éi ekstra veke med stipend, og hadde då støtte i ti månader og tre veker av året.

Det kjem ikkje noko skattefrådrag for folk som betaler mykje bompengar.

Artikkeltags