Politiet åtvarer mot utspekulert nettsvindel

Politiet har fått fleire meldingar om kundar som skal ha blitt svindla.

Politiet har fått fleire meldingar om kundar som skal ha blitt svindla. Foto:

Over 50 nettbankkundar er svindla for meir enn 17 millionar kroner. Omkring 200 personar skal vere ramma.

DEL

I eit innlegg på Politiets nettpatrulje-vest si Facebook-side, skriv dei at dei den siste tida har fått over 50 meldingar der nettbankkundar har blitt svindla for meir enn 17 millionar kroner.

- Dette har ramma alle aldersgrupper. Yngste er per no 20 år, og eldste er 90 år, skriv politiet.

Vidare skriv dei at det skal vere omkring 200 personar som er ramma til no.

Slik skjer det

Politiet skriv vidare korleis det heile skjer.

- Alle dei fornærma har blitt kontakta av personar som gjev seg ut for å vere frå norske eller utanlandske bankar, finansinstitusjonar, tradingselskap eller liknande.

Dei fortel at alle har oppmoda nettbankkundane om å nytte BankID til verifisering.

- Dei har blitt vist til noko som framstår som heimesida til banken eller selskapet. Dette er i realiteten fiktive sider, der infromasjonen som blir lagt inn blir nytta til å tappe kontoen til dei fornærma.

Pengane bli så overført til mellom-menn og vidare omsett til kryptovaluta.

Råd frå Europol og Kripos

  • Berre kjøp eller legg inn informasjon frå kjelder du stolar på
  • Tenk deg om før du samtykkjer til at betalingsinformasjon vert lagra på nettstaden
  • Bruk kredittkort ved netthandel
  • Kontroller regelmessige betalingar
  • Ta vare på kvitteringar/dokumentasjon på nettkjøp
  • Ikkje send pengar til nokon du ikkje kjenner
  • Ikkje oppgje passord eller kode frå kodebrikka du nyttar til BankID til andre. Dette gjeld på telefon, via epost eller på usikre nettstader
  • Ikkje nytt BankID på nettstader du ikkje er 100% sikker på
  • Sjå etter ein hengelås i adressefeltet i nettlesaren. Dette er teikn på at nettsida er kryptert og eigaren bekrefta
  • Sjekk at adressefeltet i nettlesaren (URL) ikkje inneheld mange tal, symbol og bokstavar utan betyding
  • Har du mistanke om at andre kan ha nytta din BankID: sjekk nettbanken din snarast og meld eventuelt frå til banken

Kjelde: Europol/Kripos

Artikkeltags