Thon tjener millioner på Pantelotteriet

I 2018 satset dagligvarekunder 144 millioner kroner i Pantelotteriet.

I 2018 satset dagligvarekunder 144 millioner kroner i Pantelotteriet. Foto:

Av

ØKONOMI: Eigedomsinvestor Olav Thons selskap, Thon Holding, har på tre år mottatt 10 millionar kroner frå Pantelotteriet.

DEL

Ikkje alt går til Norges Røde Kors når du vel å bruke pantepengane dine til å delta i Pantelotteriet.

Ifølge rekneskapet til Norsk Pantelotteri gjekk 2,5 prosent av inntektene frå lotteriet til Thon-systemet, skriv Finansavisen.

I 2018 satsa daglegvarekundar 144 millionar kroner i Pantelotteriet. 50 millionar blei utbetalt i premiar, 50 millionar gjekk til Røde Kors og resten gjekk til Norsk Pantelotteri, som Thon Holding eig 60 prosent av. Resten eigast av Røde Kors, skriv avisa.

Eigarane betalte ut 6 millionar i utbytte i fjor, der 3,6 millionar gjekk til Thon Holding. Ifølge Finansavisen har sistnemnde selskap mottatt 10 millionar kroner i utbytte frå Pantelotteriet på tre år.

Artikkeltags