Vi betalar jula med kredittkort

Raude nissar og julekuler pregar shoppingsentera og butikkar i desse juletider.

Raude nissar og julekuler pregar shoppingsentera og butikkar i desse juletider. Foto:

Av

Gåver, mat og drikke i jula tømmer mange nordmenns kontoar.

DEL

Ein av fire seier dei betaler for gildet med lånte pengar.

– At ein så stor andel har tenkt å finansiere jula med kredittkort, er rett og slett skremmande, seier forbrukarøkonom i Danske Bank, Anna Motzfeldt, til Avisens Nyhetsbyrå (ANB).

Jul på kreditt

Banken har fått nettstaden YouGov til å gjennomføra ein representativ spørjeundersøking om bruken av kredittkort til å betala for forbruk og innkjøp knytt til jul.

14 prosent svarer at dei «i stor grad» bruker kredittkortet til dette. 12 prosent svarer «i nokon grad». Det er tal som bekymrar Motzfeldt.

– Viss ein har ein fornuftig plan for tilbakebetaling før dei skyhøge kredittkort-rentene byrjar å løpe, er det jo greitt. Viss ikkje kan det fort verta ein kjedeleg start på det nye året med dyr kredittkortgjeld hengande over hovudet som du drar med deg langt inn i 2019, seier forbrukarøkonomen.


Mykje å spare

Ho er redd for at presset på å ha ein minst like flott jul som naboen fører til at mange bruker pengar de ikkje har til å kjøpe ting familiane eigentleg ikkje har råd til.

– Det kan vere dyrare julegåver enn man planla, enda meir eksklusiv mat og julepynt og så vidare. Tala viser at mange har råd, samtidig som dei som kanskje ikkje har det, føler seg pressa og dermed hentar opp kortet frå veska.


Familie og venner

Dette kan skape problem langt inn i det neste året om man ikkje er flink til å betala den dyre kredittgjelda raskt.

– Husk at det viktigaste med jula faktisk er at man deler gode stunder saman med familie og venner – ikkje at man har dei flottaste, dyraste eller mest fasjonable gåvene, varene og matvanane, seier Motzfeldt. (ANB)

Artikkeltags