Desse nye skattereglane blir innført i 2020

Oslo 20191105. 
Hyller med pepsi max  og lettbrus  på Coop på Skøyen i Oslo. Dagligvarer. 
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Oslo 20191105. Hyller med pepsi max og lettbrus på Coop på Skøyen i Oslo. Dagligvarer. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix Foto:

Fjerning av 350-kronergrensa, redusert eigedomsskatt og avvikling av NRK-lisensen er blant dei nye skattereglane som trer i kraft i 2020.

DEL

Regjeringa innfører ei rekkje nye skattereglar, avgiftsendringar og andre økonomiske endringar over nyttår.

Dette er nokre av endringane som etter planen skal tre i kraft mellom 1. januar og 31. mars.

Dagens NRK-lisens blir fjerna

NRK skal finansierast over skattesetelen. Dermed vil det ikkje lenger bli sendt ut faktura på kringkastingsavgifta.

Dei nye skattesatsane skal differensierast, for å sikre at dei som har dårlegast råd skal betale minst for tenestene. Samtidig må no alle norske borgarar begynne å betale for finansieringa av NRK, også dei som ikkje har TV.

Lågare maksimal eigedomsskatt

Kommunane har tidlegare kunne skattleggje bustad- og fritidseigedom med opptil 7 promille. Den grensa senkast no til 5 promille.

Kommunar som blir slått saman 1. januar, og som har ulikt nivå på eigedomsskatten, kan også auke eigedomsskatten med 1 promille i året på bustad- og fritidseigedom, og 2 promille i året på næringseigedom. Dette blir lov i ein overgangsperiode på tre år.

Kommunane kan også setje ned eigedomsskatten, for at skattenivået i kommunen skal bli likt.

350-kronergrensa blir fjerna

Tidlegare har ein fått fritak frå å betale avgifter som toll og meirverdiavgift når ein handla varer frå utlandet til ein verdi under 350 kroner. Det fritaket blir no fjerna.

Målet er å gje norske butikkar betre konkurranseevne mot internasjonale nettbutikkar, ifølgje regjeringa.

Avgiftsunntak for gåver til velgjerd

Det skal innførast fritak for fleire avgifter, blant for produkt som blir gitt frå produsent eller importør til organisasjonar. Leverandøren treng ikkje å betale sukkeravgift, emballasjeavgift eller avgift for alkoholfrie drikkevarer.

Fjernar skatt på underhaldsbidrag

Underhaldsbidrag til ein tidlegare ektefelle sluttar no å vere skattepliktig. Tidlegare har både lovpålagde og private avtalar om at ein person skal betale pengar til t.d. ein tidlegare ektefelle vore skattepliktig, og gitt rett til frådrag på skatten.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken