Unge kan få kutt i arbeidsavklaringspengar

Av

Regjeringa foreslår å kutte minstesatsen for arbeidsavklaringspengar (AAP) for unge under 25 år, men vil setje inn tiltak for å få dei raskare i jobb.

DEL

Forslaget i statsbudsjettet går ut på å redusere minstesatsen frå 198.000 til 130.000 kroner. Endringa skal berre gjelde mottakarar under 25 år, skriv VG.

– Vi tar ned ytingane for å setje inn tiltak som raskare kan få ungdommane over i utdanning eller arbeid, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H).

Oppfølging

Regjeringa foreslår vidare å avvikle ung ufør-tillegget i AAP til alle nye mottakarar. Dette gir ei samla innsparing på 119 millionar kroner i 2020. Pengane skal brukast til å styrke Nav si oppfølging av unge AAP-mottakarar.

– I staden for å sikre folk arbeid og tryggleik kuttar regjeringa der det gjer mest vondt. Og dei behandlar ulikt – folk som har lite, skal bli motiverte av kutt, medan dei rike skal bli motiverte av å få meir. Dette aukar forskjellane i Noreg og vil ikkje få støtte frå Ap, seier sosialpolitisk talsperson Lise Christoffersen i Arbeidarpartiet.

SV: Rammar dei svakaste

– Dette kuttet vil gjere allereie vanskelege liv endå verre, det vil ta håp og mot frå nokon av dei menneska som aller mest treng å vite at rekningane kan betalast, seier SV-leiar Audun Lysbakken til NTB.

– Korleis skal ein klare seg på 130.000 i året? Det seier seg sjølv at dette er å sende folk ut i fattigdom. Tettare oppfølging er vel og bra, men det er totalt urimeleg at unge sjuke skal ta heile rekninga for det, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes.

Han meiner at Hauglie gløymer noko heilt vesentleg, det at mange av dei ramma ikkje kan klare å komme seg fortare tilbake i arbeid, legg han til.

12.000 under 25

117.000 personar får AAP i dag. Rundt 12.000 av dei er under 25 år.

AAP er ei ordning for folk som har fått arbeidsevna redusert med minst 50 prosent på grunn av sjukdom eller skade. Minstesatsen er i dag på 198.000 kroner. Full yting utgjer 66 prosent av inntekta det siste året før sjukdommen slo inn eller snittet av inntekta dei siste tre åra.

Frå 1. januar vart maksimal stønadsperiode redusert frå fire til tre år.

Artikkeltags