Sanner fjernar karakterar i sidemål: – Det vil senke kompetansen i nynorsk

Leiar i Noregs Målla, Magne Aasbrenn meiner det vil senke kompetansen i nynorsk når halvtårskarakterane blir fjerna.

Leiar i Noregs Målla, Magne Aasbrenn meiner det vil senke kompetansen i nynorsk når halvtårskarakterane blir fjerna. Foto:

Av

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) vil ha slutt på at elevar på 8. og 9. trinn får karakter i sidemål til jul.

DEL

Halvtårsvurderinga i sidemål blir fjerna på 8. og 9. trinn, men blir halden på på 10. trinn, kjem det fram i dei nye læreplanane som vart lagde fram måndag.

Det blir òg slutt på halvtårsvurderingane i sidemål på 1. og 2. trinn på vidaregåande.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner fjernar halvtårskarakterane i sidemål for 8. og 9. klasse i den nye læreplanen.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner fjernar halvtårskarakterane i sidemål for 8. og 9. klasse i den nye læreplanen. Foto:

Noregs Mållag meiner regjeringa senkar statusen til nynorsk i norskfaget.

– Det vil vere med på å senke kompetansen i nynorsk som sidemål i samfunnet og å auke språkskiftet frå nynorsk til bokmål i vidaregåande, seier leiar Magne Aasbrenn.

Han meiner regjeringa bryt med eigne intensjonar i språkpolitikken og viser til at regjeringa for berre nokre månader sidan lanserte ei offensiv språklov.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken