Gå til sidens hovedinnhold

NRK snur – Vestlandsrevyen vert lenger igjen

Artikkelen er over 3 år gammel

NRKs omlegging av distriktssendingane frå nyttår har ført til mange reaksjonar frå misfornøgde lyttarar. No snur kanalen og gjenninfører lengre distriktssendingar frå førstkommande måndag. Sendingane i forkant av Dagsrevyen blir no justert opp frå fem til ti minutt.

Samtidig beheld NRK den nye sendinga før Kveldsnytt. Dermed er den totale sendetida tilbake på same nivå som før omlegginga.

– Vi har rett og slett undervurdert den enormt sterke relasjonen dei har til TV-nyheitene frå sitt distrikt. Det har vi no tatt innover oss. Derfor forlenger vi distriktssendinga i forkant av Dagsrevyen, seier distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen.

Vestlandsrevyen gjekk før klokka 1845 og deretter hadde dei ei kortare sending klokka 2055. No har det vore tre fem minutter lange sendingar klokka 1855, 2055 og 2255, før NRK altså no snur igjen.

Les også

Amedias lokalaviser og Nettavisen lanserer ny digital riksavis

(NTB)

Kommentarer til denne saken