Lavik–Oppedal: Innstiller avgangar grunna vêrtilhøva

DEL

Det vert to innstilte avgangar på ferjesambandet Lavik–Oppedal på E39 no i ettermiddag.

Norled melder at ferjeavgangen frå Lavik klokka 15.10 og frå Oppedal 15.40 onsdag utgår.

Grunnen til at avgangane vert innstilt er vêrtilhøva.

Meteorologane på yr.no har meldt søraust stiv kuling på utsette stader i dette tidsrommet.

Artikkeltags