Supplyskip kolliderte med oljeplattform: 218 personar evakuert frå Statfjord A

EVAKUERT: Statfjord A, vest for Sognefjorden, vart evakuert natt til fredag 7. juni. 218 personar måtte flygast bort etter at eit supplyfartøy kolliderte med plattforma.

EVAKUERT: Statfjord A, vest for Sognefjorden, vart evakuert natt til fredag 7. juni. 218 personar måtte flygast bort etter at eit supplyfartøy kolliderte med plattforma. Foto:

Personell er flytta til nærliggande installasjonar.

DEL

Klokka 01.55 i natt støytte supplyfartøyet PSV Sjøborg saman med Statfjord A-plattforma i forbindelse med lasteoperasjonar.

Det melder Equinor i ei pressemelding.

Det er ikkje produksjon på plattforma, då det for tida er revisjonsstans (reparasjon, vedlikehald, endringar). Likevel var det 276 personar om bord på plattforma. Ifølge NRK er 218 av desse flogne bort, medan 58 er igjen.

– Det totale skadeomfanget på plattforma blir no undersøkt. Skader på livbåtar, samt behovet for å avklara omfanget av samanstøyten, gjer at personell er flytta frå Statfjord A til nærliggande installasjonar, seier pressetalsperson Morten Eek i Equinor til NRK.

To søk og redningshelikopter (SAR), i tillegg til eit helikopter frå Hovudredningssentralen, har floge folk frå Statfjord A til Statfjord B og C, og Gullfaks A.

Områdeberedskapsfartøyet Stril Herkules er på feltet og hjelper til med å avklare skadeomfanget.

Statfjord A

Artikkeltags