Lastebåt kolliderte med Nordhordlandsbrua

Ein lastebåt fekk knust delar av styrehuset då den køyrde inn i Nordhordlandsbrua natt til torsdag.

DEL

– Skipet har ein del skader. Ein fastmontert gravemaskin er godt skadd, denne gjekk inn i styrehuset som har ein del skader, fortel operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til BA.

Det var ein meldar som varsla politiet om hendinga klokka 02.56 natt til torsdag.

– Melder skal ha vakna av eit smell. Då vi kontakta Hovudredningssentralen visste dei om situasjonen, fortel operasjonsleiar.

Då Avisa Nordhordland var på Steinestø kai i morgontimane torsdag, kunne ein sjå at båten har fått kraftige og omfattande skader i samanstøyten.

I baugen er masten som stod der bøyd heilt flat ned mot dekket.

Sjølve baugen og lastedelen av dekket har gått klar av brua, men gravemaskinen som står på dekk like framfor styrehuset er totalt øydelagt.

Styrehuset var dekka til med presenning, men har tydeleg store strukturelle skader, og mange vindauge er knuste.

Skipet er eigd av Fonnes Offshore AS, som er heimehøyrande i Austrheim kommune. Det vart døypt Framfjord i 2015, og har hatt en rekkje namn før det.

Det vart bygd i 1990, og seiler under bekvemmeligheitsflagget til den karibiske øystaten Saint Kitts og Nevis.

Lastebåten køyrde i Nordhordlandsbrua mellom brufestet til høgbrua og den første pontongen på Hordvik-sida av brua.

Lastebåten køyrde i Nordhordlandsbrua mellom brufestet til høgbrua og den første pontongen på Hordvik-sida av brua. Foto:

Ingen skadde

Om bord på det 80 meter lange skipet, var det sju personar. Kapteinen skal ifølge politiet vera norsk.

Ingen skal ha blitt skadd i samanstøyten.

– Vi er om bord og tek avhør av dei som befant seg på skipet, seier Algrøy.

Brua skal ifølge politiet kun ha kosmetiske skader.

– Veit de kva som gjekk galt?

– Vi veit ikkje hva som har skjedd enno, og kartlegg dette no. Men det er mogleg skipet ikkje har gått der det skal gå, seier Algrøy.

Data frå marinetraffic.com viser ferda til «Framfjord». Båten kom frå Askøy, og har vore innom Flatøy, Eidsnes og Eikefet. «Framfjord» forlot Eikefet natt til tirsdag klokka 01.14 før ferda endte ved Nordhordlandsbrua like før klokka tre i natt. No ligg båten ved kai i Steinestø.

Data frå marinetraffic.com viser ferda til «Framfjord». Båten kom frå Askøy, og har vore innom Flatøy, Eidsnes og Eikefet. «Framfjord» forlot Eikefet natt til tirsdag klokka 01.14 før ferda endte ved Nordhordlandsbrua like før klokka tre i natt. No ligg båten ved kai i Steinestø. Foto:

Gjekk for eigen maskin

Der seglingsleden under Nordhordlandsbroen går, er det om lag 30 meter høgt, men ifølge operasjonsleiaren er det ikkje der bulkskipet befant seg då samanstøyten med brua skjedde.

Klokka 04.20 melder brannvesenet at skipet er klar av brua og at det går for eigen maskin.

– Ingen større oljelekkasje frå båten. Den går til kai ved Steinestø, skriv 110 Hordaland på Twitter.

Nordhordlandsbrua består av ein 1.246 meter lang flytebro i stål og ein 346 meter lang bru med hovudspenn på 172 meter. Total lengde på bruanlegget er 1.610 meter.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags