Denne helga bør du sjekke fuglebrettet

Kjøttmeis har i alle år toppa lista over dei mest vanlege fuglane i hagefugltellinga.

Kjøttmeis har i alle år toppa lista over dei mest vanlege fuglane i hagefugltellinga. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Denne helga inviterer Norsk Ornitologisk Forening (NOF) for ellevte gang til nasjonal og nordisk teljing av fuglearter på fuglebrett og nek over heile landet.

DEL

Kjøttmeis og blåmeis er framleis dei vanlegaste vinterfuglane i Norge, men dei blir færre. Pilfink og spettmeis er derimot på frammarsj.

Dei vanlegaste artane i den årlege hagefugltellinga har kvart år vore kjøttmeis, blåmeis og skjor. Kjøttmeisen dukka opp på 95 prosent av alle dei 7.000 foringsplassane som var med i tellinga, 56.984 individ i alt. Men den langsiktige trenden viser at kjøttmeisen er i tilbakegang.

– Vi ser ein tilbakegang for kjøttmeisen som folk flest kanskje ikkje tenker over. Gjennomsnittstalet per foringsplass har gått ned frå elleve til åtte på ti år, fortel organisasjonskonsulent Morten Ree i NOF til Nynorsk pressekontor.

Mindre gulspurv, meir pilfink

Andre meiseartar har også ein tilbakegang, og den før så vanlege gulspurven har det blitt markant færre av. Dei siste fem åra har talet på gulspurv per foringsplass blitt halvert.

Klimaendringane gjer at andre artar blir meir talrike og sprer seg nordover, slik som stillits og kjernebitar. Pilfink som er den vanlegaste hagefuglen i Danmark, har hatt stor framgang i Norge dei siste 10–15 åra. Nokre stader har den til og med blitt meir vanleg enn gråspurv. Spettmeis er også ein art med stor framgang.

NOF ventar rapportar frå rundt 15.000 fuglekikkarar i alle aldre i hagetellinga. Går det som tidlegare år, får foreninga inn 350.000 fugleobservasjonar frå heile landet.

Fleire overvintrar

I år er det mange på Vestlandet som alt har sett typiske vårartar som vipe, trost og stare. Men truleg er dette fuglar som har valt å overvintra i Norge, og ikkje individ som har reist tidleg heim.

– Tendensen er at fleire fuglar prøver å overvintre. Det gir dei eit fortrinn når våren kjem, ettersom dei slepp å fly frå lenger nede i Europa for å skaffe seg ein hekkeplass. Faren er at det blir vêromslag og skikkeleg vinter, slik vi faktisk har hatt ein periode no i mange delar av landet. Då kjem mange av dei rett og slett til å døy, seier Ree.

Saka held fram under bildet.

Slattum  20120128.
Blåmeis på fuglebrett. Helgen 28.-29. januar blir Hagefugltellingen 2012 gjennomført over hele Norden. 
Foto: Paul Kleiven / Scanpix

Slattum 20120128. Blåmeis på fuglebrett. Helgen 28.-29. januar blir Hagefugltellingen 2012 gjennomført over hele Norden. Foto: Paul Kleiven / Scanpix Foto:

Harde vintre gjer fort utslag på statistikken for småfuglar som lar seg lure av ein mild og fin haust. Dei kalde vintrane i 2010 og 2011 gav tydeleg utslag på tellinga året etter, særleg for raudstrupe og gjerdesmett. Dette er artar som saman med svarttrost og munk vanlegvis trekkjer sørover i Europa vinterstid. Mange gråtrost og raudvingetrost har rett og slett ikkje reist, forklarar Ree.

– Det har vore så kolossalt mykje rognebær og andre bærsortar i haust. Trasten har fjærdrakt som held dei varme, så om dei finn nok mat, er det utruleg kor godt dei kan klare ein vinter, seier Ree.

Slutt på bæra

Om det blir svært mange trast å sjå under hagetellinga, er meir tvilsamt. Det er slutt på bæra, og mange har truleg reist til Storbritannia og Danmark, eller endå lenger sør i Europa på nyåret.

– Mange av dei norske fugleartane overvintrar i Storbritannia, og det er jo ikkje meir enn eit døgns flyging over Nordsjøen. Vi har også døme på at stareflokkar har komme over frå Storbritannia vinterstid, for så å trekke tilbake att. Dei hiv seg på nordavinden og flyr tilbake att.

Hagetellinga foregår i heile Norden den siste helga i januar. For at skola og barnehagar også skal få sjansen til å vera med, er det mogleg å registrera observasjonar heilt fram til 4. februar. Dei som vil væra med, kan melde inn fuglane dei ser på nettsida Fuglevennen. (ANB-NTB)

Artikkeltags