Redningsaksjon i Hjeltefjorden

DEL

Førarlaus båt driv i Hjeltefjorden.

Det er sett i verk ein større redningsaksjon etter at ein førarlaus båt er observert i Hjeltefjorden.

Det skal ikkje vera observert folk i nærleiken av båten, opplyser politiets operasjonssentral på Twitter.

– Me fekk melding 10.42 frå nokon som observert ein førarlaus fritidsbåt med påhengsmotor og vidt skrog. Det kan sjå ut som det er eit garn, som heng over ripa på båten, sier Tatjana Knappen i Vest politidistrikt til Bergens Tidende.

Ho seier til avisa at dei er redd for at det har skjedd ei ulukke.

Hendinga skal ha skjedd omtrent 200 meter frå Sotrabrua.

Politibåt og redningsskøyta er på veg til staden.

Hjeltefjorden strekkjer seg frå Fedjeosen sør for Fedje i nord til Byfjorden i sør. I vest er fjorden avgrensa av Øygarden i nord og Fjell kommune i sør. I aust er fjorden avgrensa av mellom anna Radøy, Holsnøy, Herdla og Askøy.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags