Beitesviing kom ut av kontroll

Artikkelen er over 1 år gammel

Beitesviing på Fedje kom ut av kontroll, melder brannvesenet.

DEL

Brannvesenet rykte laurdag formiddag ut til Fedje for å sjekke røyk i området Tressnesvegen, etter ei avstandsmelding frå 110-sentralen.

Det viste seg å vere ei kontrollert beitesviing, skriv BA.

Like etter klokka 14.30 kom imidlertid meldinga om at sviingen var ute av kontroll.

Brannvesenet rykte ut igjen, og fekk sløkt.

– Gi oss beskjed

Laurdag like etter klokka 13.00 rykte brannvesenet ut til Åse i Lindås etter meldingar om ein mogleg gras- og lyngbrann.

Som fleire andre meldingar brannvesenet har fått den siste tida, viste dette seg også å vere kontrollert beitesviing.

– Dette var ei kontrollert nedbrenning av beiter av den lokale bonden på staden, og dette har han faktisk lov til å gjere. Men vi ønsker gjerne at dei gjev oss beskjed dersom det blir mykje røyk og flammar, så slepp vi å rykke ut, seier vaktkommandør ved 110-sentralen, Sigbjørn Villanger.

Han seier det er fine forhold for beitesviing for tida, men det betyr også at det er fine forhold for ukontrollerte grasbrannar.

– Det er veldig mykje tørt gras ute no, og folk må vere umåteleg forsiktig med open eld. Vi frårår folk å brenne lauv og anna hageavfall no. Vent til det er blitt litt våtare i terrenget, oppfordrar Villanger.

Det pågår kontrollert nedbrenning av beiteareal fleire stadar i Hordaland laurdag ettermiddag:

  • På Stakksøyna heilt nord i Øygarden
  • To stadar på Klokkarvik i Sund
  • Eitt område vest på Fedje
  • Nokon øyer nord for Fedje
  • Ved Åse i Lindås kommune
Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags