Lovar gåsehudfaktor når EM-vinnarane skal feirast på heimebane

Heile Eikanger-Bjørsvik med det synlege beviset på at dei er det beste brasskorpset i Europa. Foto: Eikanger Bjørsvik

Heile Eikanger-Bjørsvik med det synlege beviset på at dei er det beste brasskorpset i Europa. Foto: Eikanger Bjørsvik Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Klart for festkonsert i Knarvik kyrkje med Eikanger-Bjørsvik. Kultursjefen slår på stortromma og lovar gåsehudfaktor.

DEL

For snart to veker sidan gjekk Eikanger-Bjørsvik til topps i EM i brass i Belgia. EM-vinnarane blei hylla på Flesland då dei kom heim dagen etter, men festen stoppar ikkje der. 

No er det klart at EM-vinnarane også skal feirast og hyllast på heimebane i Nordhordland - med ein eigen konsert i Knarvik kyrkje fredag kveld 19. mai. Det er kommunen som tar initiativ til konserten, som kan bli ein stor happening.

– Lindås kommune tar initiativ til å lage ei flott og stor markering av at vi har fått europameistrar i kommunen. Vi meiner vi slår på stortromma når vi kaller inn til ein folkekorps-fest, seier kultursjef Øyvind Stang til Avisa Nordhordland.

    Ståplassar

    – Vi har invitert heile korpsbevegelsen i Nordhordland. At Eikanger-Bjørsvik vinn EM, anerkjenner og gir honnør til heile korpsbevegelsen i Nordhordland som vi er stolt av. Dette betyr mykje for mange, det handlar om identitet og at det er eit fantastisk godt tilbod til mange i ulike delar av korpsbevegelsen. Eikanger-Bjørsvik er dei flotte ambassadørane våre for denne bevegelsen, seier Stang.

    – Vi meiner vi slår på stortromma når vi kaller inn til ein folkekorps-fest, seier kultursjef Øyvind Stang til Avisa Nordhordland. Arkivfoto

    – Vi meiner vi slår på stortromma når vi kaller inn til ein folkekorps-fest, seier kultursjef Øyvind Stang til Avisa Nordhordland. Arkivfoto

    – Kor mange blir det plass til i kyrkja på denne konserten?

    – Om vi har ute alt av stolar, så er det rundt 500 sitteplassar. Vi tar høgde for at det kjem fleire, og det vil bli moglegheit å stå rundt og bak. Vi inviterer alle til å komme, og konserten er sjølvsagt gratis, understrekar Stang.

    Gåsehudfaktor

    Kultursjefen rådar folk til å vere tidleg ute.

    – Det er vanskeleg å vite kor mange som kjem, men vi håpar folk nyttar denne sjansen her. Dette er ein moglegheit til å høyre Europas beste brassband, seier Stang, som også lovar kaffi og kaker etterpå.

    At dei ferske europameistrane framleis er i form og vil levere varene garanterer han.

    – Dette blir bra! For folk som ikkje har høyrt så mykje korps tidlegare og lurer på kva dette her, så er det stor sjanse for at dei får gåsehud eit tidspunkt på konserten, smiler Stang.

    Artikkeltags