Frå nyttår vert støtta for å bli kvitt oljetanken redusert

RUST: Oljetanken i stål er frå 1958 rusta i stykker og forårsaka lekkasje.

RUST: Oljetanken i stål er frå 1958 rusta i stykker og forårsaka lekkasje. Foto:

Du kan få inntil 50.000 kroner frå Enova til å fjerna din gamle oljefyr. Men frå nyttår vert støtta redusert.

DEL

(Haugesunds Avis) Det ligg truleg 290 000 til 360 000 oljetankar i norske hagar. Av dei er rundt 90 000 framleis i bruk.

For å redusere klimagassutsleppa blir det forbode å fyra med fossil olje frå 2020. Så mange som 90 000 husstandar i Norge har ein oljefyr eller oljekamin, og mesteparten brukar fossilt brensel. Dei må finna ei ny oppvarmingsløysing i løpet av to år.

Enova gir fram til 31. desember 20 000 kroner i støtte til de som byttar ut oljefyren med ein væske-til-vann-varmepumpe, luft-til-vann-varmepumpe, biokjel, bio-omn med vasskappe eller fjernvarme.

Distriktsleiar i Nord-Rogaland for Huseierne, Knut Magnus Haavik, seier at det er viktig at bustadeigarane bidrar til å forhindre forureining av grunnvatn, lekkasjar og luktproblem frå oljefyr, som kan vera til stor sjenanse og gi betydelege økonomiske belastningar. Desse tankane er gamle, utdaterte og lite miljøvennlege.

– I åra framover kunne dette ha løyst ut store miljøskadar og økonomiske utteljingar, seier Haavik.

For tankar over 3 200 liter gjeld Forureiningslova kapitel 1 over heile landet – tankane skal fjernast eller reinsast og verta fylt med fyllmasse. For mindre tankar er det opp til den enkelte kommune å laga reglar.

Det betyr at i siste del av 2018 kan ein totalt få inntil 50 000 kroner i støtte til å fjerna oljefyr og – tank og ytterlegare 6 000 kroner dersom du erstattar den med ein reintbrennande vedomn, pelletskamin eller luft-til-luft-varmepumpe.

Frå 2019 vert oljeutfasingsstøtta redusert til 10 000 kroner og dermed maksbeløpet til 40 000 kroner. Når forbodet er på plass i 2020 vil det ikkje lenger vera noko støtte å få til oljeutfasing. Det lønnar seg altså å gjennomføra byttet i år eller i 2019. Men husk at vurderer du derimot å gå over frå fossil olje til elektrisitet, vil eit slikt skifte ikkje støttast av Enova, seier Haavik.

Oljefyring er klimaversting

Fyrer du med olje, er du i teorien ein klimaversting. Eit reknestykke viser at kvar liter fyringsolje slepp ut 2,7 kilo CO₂. Har ein et årleg forbruk på 4.000 liter utgjer dette like store utslepp som fire–fem nyare personbilar gjer på eit år. Når du fjernar oljetanken kvittar du deg derfor med ein potensiell miljøfare. Ikkje berre ved at du ikkje lenger sleppr ut store mengder CO₂, men også fordi risikoen for oljelekkasje er betydeleg med ein oljetank nedgraven i hagen. Sjølv om tanken ikkje har vore i bruk på mange år, er det ofte oljerestar igjen. Det er viktig å huska på at du som huseigar er ansvarleg for skader i forbindelse med ein oljelekkasje dersom tanken byrjar å lekka.

Det er eksempel på huseigarar som har betalt millionbeløp i opprydding etter at skaden først har skjedd. Så det er viktig å vera bevisst på oljefyren man har nedgraven i hagen og kva man må gjera med den for å sikra miljøet og unngå ein stor økonomisk smell, seier Haavik.

LES OGSÅ: Skal få slutt på oljefyr

Tre enkle steg til oljefri kvardag

Det er enkelt å kvitta seg med oljefyren, oljekaminen og tanken. Regelverket for fjerning av tank kan derimot variera i ulike kommunar, så det er viktig å sjekka kva som gjeld akkurat der du bur.

1. Kva skal du bytte til?

Enova seier at første skritt på vegen er å finna ut kva for ei ny varmeløysing du ønsker. Dei anbefaler at dei som har oljefyr bør gå for ei løysing som utnyttar radiatorane eller det vassborne golvsystemet man allereie har.

Eit alternativ er ein væske-vann-varmepumpe, som enten brukar energien i jorda, berget eller sjøen til å varma huset. Ei luft-til-vann-varmepumpe brukar uteluft for å varma vatnet som går ut i bustaden. Man kan også velja å varma vatnet med ved eller pellet, ved å installera ein bio-omn med vasskappe eller biokjel. Dei som har ein oljekamin, eller parafinkamin som den også kallast, kan erstatta den med ein reinbrennande vedomn, pelletskamin eller luft-til-luft-varmepumpe.

2. Finn leverandør

Andre steg på vegen mot å bli oljefri, er å kontakta leverandørar av ny varmeløysing og fagfolk som kan fjerna den gamle. Be om tilbod frå to til tre aktørar, sjekk referansane og vel det firmaet du ønsker å bruka. Når jobben med fjerning og installering er gjort, er du nesten ved vegs ende.

3. Søk støtte

Tredje steg er å melda frå til kommunen om at oljefyren er fjerna, samt å registrera alle kvitteringar hos Enova. Du får pengar tilbake innan tre veker, samtidig som kvardagen blir både meir behageleg og trygg for deg som forbrukar.

Artikkeltags