Den tidlegare Fedje-rådmannen søker på ny rådmannsjobb

Tidlegare Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk har søkt på rådmannsjobben i Hyllestad.

Tidlegare Fedje-rådmann Ingebjørg Vamråk har søkt på rådmannsjobben i Hyllestad. Foto:

Søkarlista til stillinga som rådmann i Hyllestad er klar. Ingebjørg Vamråk er ein av seks søkarar.

DEL

(Firda): – Det er trist at ho sluttar her i Hyllestad. Eg skulle gjerne hatt ho med vidare, men ho har vore her i seks år, det er eigentleg ganske lenge for ein rådmann. Dette er ikkje ein ønskesituasjon for oss, men eg har respekt for avgjerda.

Det sa ordførar i Hyllestad, Morten Askvik (Sp), då det vart klart Bente Nesse er ny rådmann i Fjaler kommune.

Klar i oktober

Han varsla då at prosessen skulle i gang så raskt som mogleg, men har seinare ikkje ønskt å kommentere tilsettingsprosessen.

Den prosessen er det Skagerak Consulting som har fått ansvar for. Firmaet har tidlegare funne rådmenn til mellom anna til Fjaler og den framtidige storkommunen Sunnfjord.

Prosessen må vere ferdig før kommunestyremøtet 25. oktober. Då skal politikarane tilsette den nye rådmannen.

Kasta ut av politisk parti på Grønland

Seks søkarar, tre kvinner og tre menn, har søkt jobben som rådmann i Hyllestad. To av namna er tatt unna offentlegheit. Lista ser du her:

Per Rosing-Petersen (57) M
Nuussuaq, Grønland
Tore Erwin Haferstrom (59) M Project Manager/Project coordinator Bønes, Norge
Helga Irene Ellingsen (48) K Helse- og omsorgsleiar Brekke, Norge
Ikkje offentleg K

Ikkje offentleg M

Ingebjørg Vamråk (47) K Skatteklagenemnda Bjordal, Norge

På lista står mellom andre Per Rosing-Petersen. Han er ein omstridd politikar på Grønland, som i 2016 vart ekskludert frå partiet Naleraq på grunn av samarbeidsvanskar.

Også Ingebjørg Vamråk har vore i hardt vêr. Ho fekk sparken som rådmann i Fedje kommune i år.

Artikkeltags