88.000 kundar fekk denne e-posten. Éin detalj fekk folk til å stusse

BEKLAGER: Kommunikasjonsdirektør Solbjørg Sørensen sier at e-posten aldri skulle ha blitt sendt. Foto: Kim Ramberghaug / privat

BEKLAGER: Kommunikasjonsdirektør Solbjørg Sørensen sier at e-posten aldri skulle ha blitt sendt. Foto: Kim Ramberghaug / privat

Av

– Vi forstår at mange blir forvirra, seier Lånekassen.

DEL

(iFinnmark): Cirka 88.000 kundar i Lånekassen fekk ein einslydande e-post i helga. Der blei kundane takka for å ha inngått avtale om avtalegiro. Mange stussa nok på at avtalen blei oppgitt å ha blitt signert 05. august i 1971. På sosiale medium stilte kundane spørsmål om banktenesta i det hele tatt fanst i 1971. Andre peikte på at de som kunde ikkje ein gong var født på det tidspunktet.

Kommunikasjonsdirektør Solbjørg Sørensen avkreftar at det var spam eller svindel. Tvert imot var det ein feil som oppstod i forbindelse med teknisk vedlikehald, ifølge henne.

– Vi forstår at mange blir forvirra over ein e-post om avtalegiro frå 1971. Mange av kundane våre ikkje var født då ein gong. Vi var tidleg ute med digitale løysingar, men  tidleg ute var vi nok ikkje, seier Sørensen.

Feil i systemet

AvtaleGiro er ein norsk betalingsteneste som mogleggjer direkte trekk frå betalars bankkonto. Lånekassen tok i bruk den digitale betalingstenesta i 2014 i forbindelse med at de lanserte månadleg nedbetaling av studielån, følge henne.

– Feilen oppstod med teknisk vedlikehald av systemet. En gjennomgang av avtalegiroregisteret vårt trigga ein e-post. Kundane som har fått den, kan sjå bort frå den, seier ho.

Kundane som lurer på kundeforholdet sitt, kan gå inn på «mine sider» på Lånekassen nettside og finne all informasjon der.

Få meldingar

– Kvifor akkurat 1971?

– Nei, det er ein tilfeldig dato rett og slett, som kom inn i systemet, seier Sørensen.

Det har ikkje vore spesielt mange meldingar til Lånekassen om feilsending av e-posten. Nokre få telefonsamtaler, og nokre meldingar på Facebook og Twitter.

– Det verkar som om kundane våre har skjønt at det var ein feil, og at de har tatt det veldig humoristisk på sosiale medium, avsluttar Sørensen.

Artikkeltags