Varslar brannøving på Seim

Nordhordland brann og redning har røykdykkarøving.

DEL

– Det kan bli ein del røyk på staden, men vi skal ikkje brenna ned noko, seier brannsjef i Nordhordland brann og redning, Karl Johannes Romarheim.

Røykdykkarøvinga er ein del av det daglege øvingsarbeidet brannvesenet gjer for å bli betre i jobben.

– Vi jobbar alltid for å bli betre, og har regelmessige øvingar gjennom veka.

Det kan bli ein del synleg røyk grunna bruk av røykmaskin, men det skal ikkje vera ekstremt, i følge Romarheim.

Det blir også ein del brannbilar i området medan øvinga pågår.

Artikkeltags