Brann i barnehage på Radøy – Alle er evakuert

DEL

Operasjonssentralen ved Vest politidistrikt melder på Twitter at det torsdag har vore brann i ei vaskemaskin i Prestmarka barnehage på Manger på Radøy.

Det er ikkje meld om personskade og alle skal vera evakuert frå barnehagen.

– Me fekk melding klokka 13.28 om brannen. Brannvesenet vart raskt framme og gjekk inn med røykdykkarar og fekk sløkt brannen, seier operasjonsleiar Eivind Hellesund ved Vest politidistrikt til avisa Nordhordland.

Brannen og røyken skal vera isolert til eit rom.

– No driv dei med ventilering og utlufting, seier Hellesund.

Det var dei tilsette ved barnehagen som melde frå om brannen.

Avisa Nordhordlands journalist på staden, Eva Neteland, seier at dei tilsette og borna er frakta ned til Radøyhallen.

– Dei tilsette driv no og ringer til foreldra til borna og ber dei om å komma og henta dei, seier Neteland.

Saka held fram under bildet

RØYK OG SOT: – Det er ein del røyk og sot inne som gjer at eg tvilar på at det kan gå an å gå inn i barnehagen i dag, seier brannsjef Karl Johannes Romarheim.

RØYK OG SOT: – Det er ein del røyk og sot inne som gjer at eg tvilar på at det kan gå an å gå inn i barnehagen i dag, seier brannsjef Karl Johannes Romarheim. Foto:

Ho har og snakka med brannsjef Karl Johannes Romarheim.

– Det er ein del røyk og sot inne som gjer at eg tvilar på at det kan gå an å gå inn i barnehagen i dag, seier han til avisa Nordhordland.

Han seier barnehagen truleg må vaskast ned før den kan brukast att.

Radøy kommune skriv på sine heimesider at Prestmarka barnehage (hovudbygget i Idrettsvegen) vert stengt fredag.

– På grunn av branntilløp og røyk i lokalet må barnehagen vaskast ned før barnehagen kan ta i mot borna igjen. Kommunalsjef Olaf M. Hella seier at kommunen jobbar med å få opna barnehage så snart som råd, skriv dei vidare.
Brannsjef Karl Johannes Romarheim opplyser at evakueringa gjekk veldig fint.
- Borna oppførte seg forbilledleg under evakueringa, seier han.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags