Industribygg brann ned til grunnen på Flatøy

DEL

Oppdatert: Like over klokka 21 innser brannvesenet at dei ikkje klarar å redda bygget på Flatøy.

– Brannvesenet seier dei ikkje kan redda bygget. Det vert difor ei kontrollert nedbrenning, der ein sløkker frå utsida. Taket vil etter kvart detta ned og det heile vil etter kvart døy ut, seier politiets innsatsleiar, Frank Listøl, til avisa Nordhordland.

Han seier det vil vera røyk lenge i området. Brannvesenet vil vera til stades gjennom natta og passa på at det ikkje blussar opp att.

Ein har og skumlagt eit nabobygg, men ein meiner å ha kontroll på det og fryktar ikkje spreiing til det bygget.

– Bebuarane der er ikkje evakuert, men me må ta ei vurdering på om dei skal sova der i natt eller ikkje, seier Listøl.

Det var klokka 19.22 at 110-sentralen melde at naudetatane rykka ut til ein bygningsbrann i Solberget på Flatøy.

Det velta svart røyk ut av taket på bygget i timesvis og tidvis kunne ein sjå flammane som kom gjennom taket. Til tider var det så mykje røyk at ein ikkje kunne sjå bygget for berre røyk.

    Eit industribygg på Flatøy i Meland brann natt til laurdag ned til grunnen etter at det byrja å brenna i 19-tida fredag. Ingen kom til skade.

    Det vart sendt inn røykdykkarar for å sjekka bygget.

    – Det er stor røykutvikling frå taket i bygget der brannen har sett seg og me har ikkje kontroll på brannen, sa politiets innsatsleiar, Frank Listøl, til avisa Nordhordland.

    Han sa at det ikkje var nokon som er sakna og det var heller ingen som hadde behov for helsehjelp i samband med brannen på Flatøy.

    Listøl sa politiet hadde vore rundt til alle naboane til brannen og bede dei om å lukka glasa og halda seg unna røyken frå brannen som tidvis kom innover husa.

    – Den røyken er stygg og farleg, sa han.

    Det skal ikkje ha vore nokon til stades i bygget då det byrja å brenna og ein veit førebels ikkje kva som er årsaka til brannen.

    Det er brannmannskap frå Nordhordland brann og redning, Åsane og Bergen på staden og det vart kalla inn forsterkingar for å prøva få kontroll på brannen.

    Artikkeltags