Utdanningsmessa: – Det er viktig at du følger draumen din

Henrik Natås (16) frå Askøy, Jonas Onarheim (17) frå Frekahug, Petter Pletten (16) frå Lygra, Jone Nikolay Dale Rørvik (18) frå Frekhaug.

Henrik Natås (16) frå Askøy, Jonas Onarheim (17) frå Frekahug, Petter Pletten (16) frå Lygra, Jone Nikolay Dale Rørvik (18) frå Frekhaug. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

– Det er obligatorisk for meg å gå hit, men det er ikkje så kjipt fordi eg får læra ting, seier elev Adrian Sagstad (14) frå Radøy.

DEL

Ein av dei mange som kom på utdanningsmessa i Nordhordlandshallen som tok stad 27. og 28. november var Adrian. Han fekk meir informasjon om TIP og det har gjort han sikrare på at han vil gå der etter 10. klasse.

Følge draumen

Hanna Elen Leivestad (16) frå Hundvin stod på stand til Knarvik Vidaregåande skule design og handverkslinja saman med Sara Bergetun Lien (16) frå Knarvik. Dei møtte mange menneske denne dagen, som er nysgjerrige på mange ulike ting.

– Veldig mange gutar er interesserte i bygg, har eg lagt merke til. Dei går på bygg i staden for kunst fordi at det er ikkje så mannleg. Når vi skal spørje dei om dei er interessert i kunst så går dei vekk, seier Sara.

Hanna utdjupar med at det var nokre gutar som kom bort også.

– Det er veldig bra at gutar også kan visa at dei interesserer seg for kunst, meiner ho.

Sara hevdar at det viktigaste er at ein vel eit yrke som gjer ein glad.

– Det er viktig at du følgjer draumen din. Det er det viktigaste. Viss du skal velje eit yrke, vel noko du verkeleg likar, fordi når du skal på jobb så vil ikkje du tenkje «å nei eg skal på jobb», men heller «no skal eg ha det kjekt».

Vegane til framtida

Endå ein som var innom utdanningsmessa er Sebastian Natvik (15) frå Fløksand.

– Eg er her fordi eg må få ein enkel forståing av alle vegane eg kan gå i framtida, sa han.

Vebjørn Asbolt (14) frå Seim og Emil Andre Myksvoll (14) frå Manger hadde dette å seie om utdanningsmessa:

– Vi oppsøkjer bodane for å sjå om det er noko for oss. Vi vil bli tømrarar og er her for å finne ein god skule å gå på, seier dei.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

Julianne Toft (16), Marita Minde (16), Mariell Medaas (16), Elisa Sylta (16), Ann Julie Myrmel (16) snakka med politimannen Svein Hatlevik (57). Dei snakka om blant anna kva politiyrket går ut på og kva som er opptaksprøvane.

– Dette yrket høyrest spennande ut, sa dei.

Favorittstand

Mathias Kversøy (17) frå Åsane, Joakim Eikstad (17) frå Rossland og Are Konglevoll (17) frå Lindås. Deira mål var å fortelje om deira bedrift som dei hadde laga i faget entreprenørskap, som ein kan velje på studiespesialiserande linje på Knarvik vidaregåande skule.

– Dei fleste skal søkje skule og har spurt korleis det er å gå på studiespesialisering, men var ikkje like interesserte i bedrifta vår. Vi var ein slags «reklame» for skulen vår i staden for, seier Are.

Rebecka Lohne (17) frå Austrheim hadde besøkt alle stands når arrangementet nærma seg slutten. Ho hadde nokre favorittar.

– Politi og ambulanse er dei beste standsa, synest eg. Det er det som interesserte meg mest i dag og det er det eg håpar å bli. Alle stands er bra, men det kjem an på kva kvar enkelt er interessert i, meinte ho.

Artikkeltags