Korleis erstatte plast i kvardagen

Amalie Ulveseth er journalist i Nh Ung. I denne artikkelen kjem ho med seks konkrete tips til korleis du kan redusere mengda plast.

Amalie Ulveseth er journalist i Nh Ung. I denne artikkelen kjem ho med seks konkrete tips til korleis du kan redusere mengda plast. Foto:

Nh ung kjem med seks konkrete tips til korleis du kan redusere mengda plast.

DEL

Nh ung:Å seia ja takk til plastpose i butikken, kjøpe ei flaske vatn eller pusse tenna med plasttannbørste er ting vi gjer heile tida. Men det er enkle og meir miljøvennlege alternativ der ute, lett tilgjengeleg for oss forbrukarar.

Her er seks tips om korleis du kan erstatte plast i kvardagen din.

1. Plastposen

Det lettaste å erstatte er kanskje plastposen. Ved kassen i omtrent alle matbutikkar finn ein handlenett. Dei kostar ikkje mykje, og etter berre nokre få handleturar har ein allereie tent inn att prisen på handlenetta ved å ikkje kjøpe nye plastposar.

I tillegg til desse handlenetta i matvarebutikkane finn ein også handlenett av tøy på hobbybutikkar. Og om du er litt kreativ kan du faktisk designe ditt eige handlenett ved å sy eit sjølv, kjøpe eit handlenett og skrive/teikne på det eller til og med kjøpe nokre merker du kan bruke styrkejern til å få på. Moglegheitene er mange, og berre eit internett-søk unna.

Og hugs; det er like innanfor å bruke handlenett i klesbutikkar som det er i matvarebutikkar.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

2. Søppelposar

Ofte er argumentet for å ikkje slutte med å kjøpe plastpose er at ein ikkje lenger har noko og hive søppel oppi. Men treng du eigentleg å bruka plastpose i søppelbøtta? Plastavfall, papiravfall og restavfall, desse treng du ikkje bruke pose til. Det er berre å hive bosset opp i søppelbøtta, og når bøtta er full kan du hive det rett ut i søppeldunkane.

Og når det gjeld matavfall kan du få eigne miljøvennlege posar laga av organiske materialar som løyser seg opp etter kvart. Desse får du kjøpt i mange butikkar, og levert frå mange renovasjonsselskap.

3. Tannbørstar og Q-tips

Vi skal skifte tannbørsten kvar 3. månad og mange av oss bruker Q-tips fleire gonger i månaden, men miljøvennleg er det ikkje. Q-tips med bomull og papp/papir pinne har blitt meir og meir tilgjengeleg i butikkane, og det same har miljøvennlege tannbørstar. Tannbørstar laga av bambus har blitt meir populær, så det er berre å droppe plast Q-tips og plasttannbørste neste gong du skal kjøpe. Og husk, ikkje kast Q-tips i toalettet!

4. Drikkeflasker

Kjøpe deg ei drikkeflaske du kan bruke i lang tid framover som er miljøvennleg og fri for kjemikaliar. Det finst både glasflasker ein kan kjøpe og om du er redd flaska skal knuse finst det også eit stort utval av flasker laga av tynt, rustfritt stål.

5. Plastlokk og bollepose

Når du kjøper ein kopp kaffi eller ein bolle på butikken får du med deg litt plast på kjøpet. Neste gang du kjøper ein kopp kaffi på Narvesen kan du droppe plastlokket. Og neste gang du kjøper ein bolle, ta vare på plastposen og ta den med neste gong du skal kjøpe bollar.

6. Fisk og smågodt

Når du kjøper fisk, kjøtt, og smågodt finn du fisken og kjøttet i kjøledisk/frysedisk og smågodt i mange versjonar av plastemballasjar. Neste gong du skal handle fisk og kjøtt kan du gå til ferskvaredisken. Her får du maten pakka inn i papir, og du kan sjølv fryse det når du kjem heim så maten held seg lengre. Og når det gjeld smågodt, kan ein kjøpe frå «plukk og miks» hylla og legge det rett oppi papirpose. Her finn ein ofte dei same produkta som ein får i plastemballasjar for seg sjølv.

Det er mykje i kvardagen vi kan byte ut med eit meir miljøvennleg alternativ, så neste gong du plukkar opp eit produkt i butikk, tenk deg om ein ekstra gong om det finst eit alternativ for dette produktet som ikkje inneheld plast.

Følg Nh Ung:

Snapchat: nordhordlandung

Facebook: Nh Ung

Instagram: Nordhordlandung

Nett: nordhordland.no/nh-ung

Artikkeltags