Har du mista ringen din?

GULLRING: Denne ringen dukka opp på sorteringsbandet hjå NGIR i Kjevikdalen sist torsdag.

GULLRING: Denne ringen dukka opp på sorteringsbandet hjå NGIR i Kjevikdalen sist torsdag. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fann alliansering blant fleire tonn papir

DEL

Sist torsdag dukka det opp ei gullring blant returpapiret for manuell gjenvinning hjå NGIR i Kjevikdalen. Det var observante sorteringsarbeidarar som fann den, og avdelingsleiar Ebba Fjeldstad er imponert over funnet.

– Eg synest det er heilt fantastisk at dei fann den, mellom så mange tonn med papir.

Ringen låg blant returen frå private husstandar, og høgst sannsynleg er dette snakk om ei uheldig ektefelle.

– Ja, det er ei alliansering som er funnet, og den er nok høgst sannsynleg mista i forbindelse med kasting av papir, trur Fjeldstad.

Saknar du ringen, lyt du kontakta NGRI sitt sorteringsanlegg for papp, papir og plast-gjenvinning i Kjevikdalen, beskriva inskripsjonen på innsida for å få den tilbake.

Artikkeltags