Meteorsverm skal lyse opp førjulshimmelen

Geminidene over ein ortodoks kirke vest for hovedstaden Minsk i Hviterussland i fjor.

Geminidene over ein ortodoks kirke vest for hovedstaden Minsk i Hviterussland i fjor. Foto:

Fredag 14. desember vil det vere gode moglegheiter til å sjå ein stor meteorsverm kalla Geminidene.

DEL

BA: – På bestemte tider av året kan vi oppleva meteorar eller stjerneskot i store mengder. Dei plutselege lysstripene skyldas små kosmiske partiklar som kjem inn i jordatmosfæren i ekstrem hastigheit, seier astronom Jan-Erik Ovaldsen.

Han er mannen bak nettstaden Himmelkalenderen, som omtaler astronomi og store hendingar på himmelen

– Geminidene er ein av dei flottaste og mest pålitelege av alle årvisse svermar, så framt man har flaks med vêr og månefase. Vêret får bli som det blir. Årets sverm vil i all hovudsak finne stad utan plagsamt månelys, og det er eit stort pluss.

Geminidene dukka for første gang opp i 1862, og er eit årleg fenomen. Ifølge astronomen kan meteorsvermen sees frå hele landet, og det er ikkje behov for stjernekikkert.

– Det einaste forbeholdet er vêret. Yr sitt langtidsvarsel ser faktisk ganske bra ut. Håper dykk får klarvêr!

I Norge er det størst sjanse for å sjå Geminide-meteorar natt til fredag 14. desember, og då spesielt i timane før morgongry, og deretter frå rundt klokka 20 fredag kveld og vidare utover kvelden og natta.

Måneshow på nyåret

21. januar er det venta ein total måneformørking. Formørking skjer samtidig som det er varsla såkalla supermåne, og difor er den ekstra spesiell.

– Denne utgåva vert dessutan litt spesiell fordi den treff meedan det er såkalla supermåne. Eg har gått nøye gjennom alle 28 måneformørkingane frå no og fram til og med 2030, og det er heile ti år til neste gang vi får ein like fin total formørking i Noreg. Med andre ord, nytt sjansen om du kan!

Artikkeltags