No får fleire båtar fiske etter gigantfisken

EKSKLUSIVT: Mannskap på båten Hillersøy lossar makrellstørje i Florø etter fangst under størjefiske i 2016. I 2019 får endå fleire båtar drive størjefiske, men dei må søkje om løyve.

EKSKLUSIVT: Mannskap på båten Hillersøy lossar makrellstørje i Florø etter fangst under størjefiske i 2016. I 2019 får endå fleire båtar drive størjefiske, men dei må søkje om løyve. Foto:

Det gjeld også sportsfiskarar, så lenge ein merkar og set ut att fisken. Men berre eit fåtal får sjansen.

DEL

FIRDA: Makrellstørjekvoten har blitt tredobla fram mot 2020, og Nærings- og fiskeridepartementet let no fleire båtar delta i det til no eksklusive fisket.

Makrellstørja er den største tunfiskarten og kan vege over 700 kilo. Den kan bli heile tre meter lang, og kan nå ein toppfart på 70 km/t.

Den blir også rekna som verdas dyraste fisk, og med rett handtering kan dei finaste delane koste opp til 1300 kroner kiloen.

– Vi opnar no for at åtte båtar kan delta i makrellstørjefisket i 2019, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Blir tredobla

Kvoten for makrellstørje blir tredobla til 300 tonn i 2020, etter at bestanden har teke seg godt opp dei siste åra.

Frå før har «Sjarmør», «Hillersøy» og «Bluefin» vore båtar frå Sogn og Fjordane som har fått sjansen til å fiske etter den ettertrakta fisken.

No kan dei få selskap av fleire, samstundes som dei får større sjanse til sjølv å delta på neste fiskerunde. Når fartøya har meldt seg på, blir det gjennomført ei loddtrekning blant dei kvalifiserte søkarane.

Sportsfiske for nokon få

I 2019 blir det også opna for eit avgrensa sportsfiske, der ein får merke og sleppe ut att fisken, såkalla «tag and release». Her blir fisken merka, så ein kan lese av informasjon slik at forskarar skal få verdifull kunnskap om makrellstørja i norske farvatn.

No kan du fiske denne med stong, viss du søker om løyve

Det blir no opna for at inntil fire fiskelag kan få løyve til å drive «tag and release». I 2019 kan desse fange og merke opptil eit tonn fisk totalt. Det blir derimot ikkje opna opp for vanleg sports- og rekreasjonsfiske, og fiskelaga må ha fått løyve for å fiske.

Søknadsfristane er 20. mars for fiskefartøy og 1. april for sports- og rekreasjonsfiskelag.

Bifangst kan no omsettast

Det er også nytt at størje kan omsettast lovleg, dersom den blir fanga som bifangst i fiske etter andre artar. Dette har tidlegare ikkje vore lovleg etter internasjonale reglar, som Norge også må følge.

Artikkeltags