Øvingsbombe evakuerte Mongstadbase

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er funnet ei bombeliknande gjenstand ved Mongstadbasen.

DEL

– Det har vore ei evakuering frå anlegget vårt, bekreftar Per Kristian Nagell konsernsjef ved SAR AS til BA.

Årsaka var ei at det kom inn ei pakke som det stod «bomb» på.

– Vi evakuerte området og tok kontakt med basen på Mongstad som kontakta politiet, seier Nagell.

Pakken vart sjekka ut, og viste seg at det var ei øvelsessak som har komme flytande i land.

– Det var utstyr som var brukt i ei øving som ikkje var makulert skikkeleg. Det var det vi mistenkte hele vegen, men vi setter uansett i gang apparatet når slikt skjer, seier Nagell.

Politiet vart tilkalla.

– På vårt anlegg er det til ei kvar tid 8–10 menneske. dei vart ført bort frå hallen kor pakken var. Dei heldt seg unna til politiet kom og fekk sjekka ut pakken, seier konsernsjefen

Pakken kom truleg saman med anna avfall med ei båt frå offshore.

– Etter det vi får stadfesta var det ei pakke som var brukt i forbindelse med ei øving på ei båt.

Inneheldt batteri

Politiet fekk melding om «bombe-pakken» klokka 1105.

– De hadde fått inn ein pakke med ein delvis avrevet klistrelapp der det stod «bomb», seier Lars Geitle, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Pakken hadde komme inn i sorteringshallen der de handterer avfall på Mongstad.

Ein politipatrulje vart sendt til staden, og avfallshallen sperra av.

– Ganske raskt fekk vi avklart at pakken var brukt i samband med ein øving på ein båt, seier Geitle.

Pakken vart opna.

– Inni pakken fant vi to 12 volts blybatteri, opplyser operasjonsleiaren.

100 evakuert

Funnet av gjenstanden førte til at i alt måtte omtrent 100 menneske forlata arbeidsplassen sin, opplyser viseadministrerande direktør ved CCB Øyvind Langedal.

– I utgangspunktet stoppet vi alle operasjonar på hele baseområdet og sette ein sikringssone på 150 meter. Hele baseområdet vart stengt, fortel han.

Klokka 13.30 erklærte politiet at folk kunne gå tilbake til arbeidet.

Dagleg jobbar det rundt 500 menneske ved basen.

Etter at saka var avslutta vart det sett i verk ein evaluering av den gjeldande beredskapsplanen.

– Vi fekk stadfesta at rutinane og prosedyrane vi har fungerer veldig godt, seier Langedal.

Artikkeltags