Ikkje berre kvalen som et plast: – Kjedeleg å sjå at dei gomla på plast

Laurdag morgon fekk ein tipsar auge på to bukkar på Mongstad. Dei to bukkane hadde funne noko plast som dei dreiv å snusa på. – Det var fint å filma dei, men kjedeleg å sjå at dei gomla på plast, seier tipsaren til Avisa Nordhordland. Tipsaren opplyser så om at det kom eit vindkast som førte plasten bort frå bukkane.