Rykte ut til badstubrann på Mongstad

DEL

Fem over sju, fredag morgon melde 110-sentralen om ein brann i ein brakkerigg på Mongstad, alle naudetatar vart sendt til staden, men berre nokre minutt seinare vart brannen meldt sløkt.

– Brannen er lokalisert til badstuområdet, seier Tore Fanebust ved 110-sentralen til avisa Nordhordland.

Det var i brakkeriggen på utsida av raffineriet det brann. Alle som budde der kom seg ut og er gjort greie for.

Det vart sendt styrker dit frå Austrheim, Lindås og Meland til staden, men det var lokalt industrivern som kom først fram og fekk sløkt brannen, opplyser Fanebust.

– No jobbar me med restverdiredning og å lufta ut brakkeriggen, seier han.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjend.

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags