Fv 569 stengt i Modalen

DEL

Oppdatering: Vegvesenet melder om at vegen haldast stengt fram til tidlegast mandag 5. august, då ei ny vurdering vil bli utført klokka 10.

Grunna uvêret som herja store delar av Vestlandet tysdag ettermiddag og kveld, vart det utløyst eit større jordskred og steinras ved Slottsportentunnelen.

Derfor opplyste Vegtrafikksentralen at tunnelen i Modalen kom til å vere stengt resten av dagen.

Onsdag informerer dei om at Fv 569 nord for Slottsportentunnelen, mellom Dalseid og Romarheim, haldast stengt inntil vidare. Ny vurdering på eventuell opning skal skje onsdag føremiddag.

31. juli melde Vegtrafikksentralen om at vegen kom til å haldast stengt resten av dagen, før ei ny vurdering ville bli tatt torsdag føremiddag. Dagen etter vart det beslutta at vegen skulle haldast stengt fram til tidlegast mandag 5. august.

Artikkeltags