Tyske turistar sat fast i fjellet i Modalen

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Oppdatert: 10.46 melde politiet at turistane var henta av redningshelikopteret og vart flydd ned frå fjellet. Dei blir vidare køyrd til legevakta i Knarvik for helsesjekk.

Klokka 09.14 tirsdag føremiddag melde politiet om at tre tyske turistar står fast i fjellet ved Revabotn i Modalen.

– Både vanleg og sivil politibil køyrde nordover på Osterfjordvegen i full fart berre nokre minutt sidan, seier ein tipsar til Avisa Nordhordland.

No er redningshelikopter, Raude Kors og politiet er på veg til staden for å bistå turistane.

Bergens Tidende melder om at turistane har overnatta ute i sovepose på fjellet, og at dei no er redde for å gå både opp og ned. Ingen av dei skal vere skada.

Revabotn er eit område mellom Steinadalstjørnene og Steinslandsvatnet i Stølsheimen.

Saka blir oppdatert.

Området turistane står fast i er markert med raud pil. Området er mellom Steinadalstjørnene og Steinslandsvatnet.

Området turistane står fast i er markert med raud pil. Området er mellom Steinadalstjørnene og Steinslandsvatnet. Foto:

Artikkeltags