Hordaland har fått eige mobbeombod

Mobbeombod Mari-Kristine Morberg.

Mobbeombod Mari-Kristine Morberg. Foto:

Mari-Kristine Morberg er mobbeombod i Hordaland.

DEL

116 000 barn og unge i Hordaland kan no få hjelp av mobbeombodet om dei ikkje har det bra i barnehagen eller på skulen. Dermed er det ikkje berre vidaregåande elevar som får dette tilbodet, men også dei som er yngre.

Frå 1. august i år eit tilbod til alle barn og unge (og foreldra deira) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen, ikkje berre for elevar i den vidaregåande skulen som tidlegare.

Aktivt mot kommunane

I saker der mobbeombodet vert kontakta kan ho blant anna rettleie om kva rettar barnet har og korleis ein kan gå fram for å få hjelp i barnehagen, skulen eller kommunen dei bur i. Morberg vil òg jobbe aktivt overfor kommunane i Hordaland slik at tilbodet blir kjent i grunnskular og barnehagar. Ho seier at alle barn, unge og vaksne kan ta kontakt med ho om dei har spørsmål om mobbing, tryggleik og trivsel i barnehagen eller skulen.

– Det er mi erfaring at desto tidlegare ein får grepe inn i ei sak, dess lettare er det å få løyst ho på ein god måte. Ofte kjem sakene når det har gått lang tid og det er ikkje bra. Alle barn har rett til eit trygt og godt miljø. Det betyr ganske enkelt at alle skal ha det bra i barnehagen eller på skulen, seier Morberg.

Fylkeskommunen sitt mobbeombod vil første tida framover prioritere barnehagane. 1–2 barn i kvar barnehage vert utsette for mobbing. Eit barn som blir mobba på skulen kan ha opplevd at mobbinga starta allereie i barnehagen. Mobbeombodet meiner det er svært viktig å sette inn innsatsen tidleg.

Lågterskeltilbod

Både barn, føresette og tilsette kan ta kontakt med mobbeombodet dersom barnet ikkje har det bra i barnehagen eller skulen. Morberg vil dessutan at terskelen for å ta kontakt må bli endå lågare og at omsorgspersonar eller barna sjølv ikkje må tenkje at saka deira ikkje er ille nok.

– Det er veldig viktig for meg at både barn og foreldre veit at det ikkje må vere alvorleg mobbing for at barnehagen eller skulen skal ha plikt til å hjelpe. Altfor mange melder frå seint, fordi dei er usikre på om dette er noko dei bør «bry skulen eller barnehagen med», og der er uheldig. Mobbeombodet er eit lågterskeltilbod og eg ser fram til å kunne hjelpe endå fleire barn i Hordaland, seier ho i ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Det utvida ansvarsområdet til mobbeomboda skjedde over heile landet frå 1. august.

Artikkeltags