På mandag aukar pantesatsen - for første gong på 25 år

Rema 1000 i Knarvik var den butikken i fylket som gir tredje mest til Pantelotteriet. 211 968 kroner kom frå denne butikken i fjor. Her poserer flaskesjef Håvard Rossland i 2016.

Rema 1000 i Knarvik var den butikken i fylket som gir tredje mest til Pantelotteriet. 211 968 kroner kom frå denne butikken i fjor. Her poserer flaskesjef Håvard Rossland i 2016. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

For første gong på over 25 år aukar panten på flasker og boksar. Frå måndag er alle pantemaskinar og kassaapparat justert opp frå ei krone til to kroner.

DEL

I dag pantast 86 prosent av flasker og boksar i Norge. Målet med å auke panten er å få inn endå meir tomgods. Infinitum, selskapet som driftar den norske panteordninga, har berekna at ei auke vil gi ein returandel på 90 prosent.

Aukinga betyr millionar med fleire flasker tilbake, mindre CO₂-forureining og redusert forsøpling i naturen.

Ei overgangsordning har fungert sidan nyttår, men frå 1. september går fristen ut for alle som må legge om til ny emballasje. Dermed får du tilbake 2 kroner for alle flasker, eller 3 kroner dersom flaska er på over ein halv liter.

Drikk heime

Mykje av panten i dag kjem frå brus og øl som drikkast i heimen.

– Mange unge drikk energidrikk på bussen, for eksempel, og set igjen eller kastar boksen. Vi må nå ut med informasjon om verdien og miljøeffekten, seier Tor Guttulsrud som er direktør for økonomi og finans i returselskapet.

Fleire kommunar har også begynt med ringar og haldarar på søppelkassane der folk kan setje frå seg flasker og boksar til dei som ønsker å innløyse panten.

– Diskusjonen om ein endå høgare pant for å få inn endå meir tomgods er nok lagt død inntil vidare. Det er ein balanse mellom for høg pant og passe pant. Dersom den blir for høg, er erfaringa at det kan freiste til juks på forskjellige måtar, forklarar han.

25 år sidan sist

Det har vore ein lang veg å gå før flaskepanten no blir sett opp. Allereie i 2013 vart det tatt initiativ til ein auke. Noko av grunngjevinga var då at pantesatsen låg på 2,50 for store flasker, sjølv om 50-øringane var gått ut av bruk.

Likevel vart saka liggjande lenge hos regjeringa før forslaget vart sendt på høyring i fjor sommar.

Før nyttår varsla miljødepartementet at panten skulle hevast for første gang sidan 1993.

Hordaland på 8.-plass

SSB og Infinitum har utarbeida ei undersøking som viser kor mange flaskar og boksar kvar enkelt innbyggjar i alle landets fylker pantar i gjennomsnitt kvart år.

På førsteplass ligg Troms med 261. Hordaland ligg på 8.-plass med 230 flasker, og Sogn og Fjordane på plassen etter med fem flaskar færre i året.

Totalt er det blitt panta 1.135.294.443 einingar i Noreg det siste året.

Artikkeltags