Vatningsforbod i Meland, Lindås og Austrheim

Artikkelen er over 1 år gammel

Ikkje eingong lov å fylla opp små plaskebasseng.

DEL

Det er no innført vatningsforbod i Meland, Lindås og Austrheim kommune. Forbodet gjeld frå måndag 28.05.18. 

 –Forbodet gjeld også oppfylling av private basseng, både store og små plaskebasseng. Vatning med hageslange og liknande er også forbode, seier leiar for teknisk drift og vedlikehald i Meland kommune, Paal Tonning. 

Klarer ikkje fylle opp 

 – Årsaka er at det høge forbruket gjer at høgdebassenga vert tappa så kraftig ned på dagtid, at kommunen ikkje klarar å fylle dei opp att om natta, seier Tonning.

I Lindås er vassforbruket no så høgt, at det går ut over sikkerheita i vassforsyninga, og dei også innfører forbod mot all unødig forbruk av vatn, som til dømes vatning av plen og fylling av private badebasseng og liknande.

Det er framleis lov til å vatne blomar i krukker og bed.

Også Austrheim kommune innfører forbod mot vatning av hagar, tapping i store basseng, vasking av bil og andre ting der det går med store mengder vatn.

– Dette gjeld både hus og hytter, og vi håpar og trur at forbodet vert respektert, melder kommunen på sine heimesider.

Forboda gjeld til ny melding vert gitt.

Artikkeltags