Sprengingsulykke ved privat bustad i Meland – ein person skal vera alvorleg skadd

Foto:

Ein 16 år gamal gut vart frakta til Haukeland universtietssjukehus etter ei fyrverkeriulukke.

DEL

Det har vore ei sprengingsulykke ved ein privat bustad i Meland kommune onsdag ettermiddag. Meldinga frå politiet kom klokka 18.02.

Det skal vera snakk om ein einebustad, som er plassert mellom Litlebergen og ungdomshuset på Grasdal, i Håtuftvegen like ved Fv246. Huset ligg ikkje i eit bustadfelt, men det er fleire bustader i umiddelbar nærleik.

16 år gamal gut til sjukehus

Ein person er skadd og brakt til sjukehus i ambulanse.

Den skadde er ein 16 år gamal gut. Han er opplyst å vere alvorleg skadd.

Politiet trur at ulykka skjedde i samband med bruk av fyrverkeri.

– Truleg har ulykka skjedd utanfor huset, på baksida, seier innsatsleiar Rune Vedeler til Avisa Nordhordland.

Innsatsleiaren på staden fortel Avisa Nordhordland at det ikkje skal vera snakk om materielle skader.

Politiet på staden for å etterforske hendinga. Også brannvesen og ambulanse var raskt på ulykkesstaden.

Politiet på staden for å etterforske hendinga. Også brannvesen og ambulanse var raskt på ulykkesstaden. Foto:

Huset er sperra av

Politiet er på staden for å etterforske hendinga.

Også brannvesen og ambulanse var raskt på ulykkesstaden.

Avisa Nordhordland sin journalist på staden, Julie Sætre, fortel at det er mykje aktivitet i området – både i einebustaden, den tilhøyrande garasjen og uteområdet.

– Det ser ut som om politi og brannvesen leiter etter noko. Dei lyser med lommelykt både i garasjen og utanfor huset.

Det er to politibilar, ein kommandobil og tre brannbilar på staden. Sætre fortel at ein sjukebil og ein legebil forlét staden rett over klokka 18.00. Sjukebilen hadde då på blålys.

– Vi har funne gjenstandar utanfor huset som styrker vår teori om at det er fyrverkeri som har gått av her, seier Vedeler.

Han seier også at årsaka til at dei leitar på stadig større område er fordi det truleg er snakk om ein stor eksplosjon, og leitar etter komponentar til ladninga.

Avisa Nordhordland sin journalist fortel at brannvesen og politi no lyser opp området med store lyskastarar. Huset er sperra av med sperreband.

Avisa Nordhordland sin journalist fortel at brannvesen og politi no lyser opp området med store lyskastarar. Huset er sperra av med sperreband. Foto:

Lyser opp huset

Avisa Nordhordland sin journalist fortel at brannvesen og politi no lyser opp området med store lyskastarar.

Huset er sperra av med sperreband.

Klokka 18.47 fortel Avisa Nordhordland sin journalist at dei sperrar av eit endå større område rundt bustaden.

– Vi undersøker no staden nærmare, og ser etter ting som kan gi oss meir informasjon, seier innsatsleiar Rune Vedeler.

– Vi kjem til å vera her i nokre timar, og får god hjelp frå lokalt brannvesen, seier Vedeler til Avisa Nordhordland.

Klokka 19.30 kom brannvesen med meir lys.

Artikkeltags