Ein sikta etter at båt kolliderte i Nordhordlandsbrua

Gravemaskina som står på dekk er totalskadd. Styrehuset har fått omfattande skader. Mannskapet har dekka til det øydelagde styrehuset med ei presenning.

Gravemaskina som står på dekk er totalskadd. Styrehuset har fått omfattande skader. Mannskapet har dekka til det øydelagde styrehuset med ei presenning. Foto:

DEL

NRK Hordaland melder at ein person er sikta etter båtulukka på Nordhordlandsbrua i førre veke.

Då krasja ein lastebåt rett inn i Nordhordlandsbrua midt på natta.

– Det er ein såkalla teknisk sikting, seier politiadvokat Trygve Ritland i Vest politidistrikt til NRK.

Politiadvokaten vil ikkje seia kva dei om bord har forklart. Det står framleis att fleire avhøyr.

Artikkeltags