Varm oske starta grasbrann på Rossland

DEL

Naudetatane rykka ut til Rossland etter at det var meldt om ein brann i terrenget.

Avisa Nordhordland sin journalist på staden, Julie Sætre, fortel at brannen er i Skintveitvegen, forbi Rossland skule.

Politiet trur dei veit årsaka til at brannen starta.

– Ein mann i huset skal ha bore ut varm oske av huset og så har det tatt fyr, seier Eirik Gjerd, fagleiar i politiet til avisa Nordhordland.

Det var ei stund fare for at brannen skulle spreia seg til ein bustad, men brannvesent skal ha fått kontroll på brannen no.

– Det er snakk om eit område på kanskje 50x20 meter som har brent, seier Sætre.

Brannsjef Karl Johannes Romarheim gjekk ut i avisa Nordhordland og åtvara om den store brannfaren i terrenget for tida. Han seier at etter tysdagens skogbrann på Rossland er dei likevel ikkje nærare eit totalforbod mot å gjera opp eld.

– Men me vurderer det fortløpande, seier han.

Han peikar på det vert turrare og turrare for kvar dag som går og dermed er det større risiko for skogbrannfare. Han er ikkje overraska over tysdagens skogbrann.

– Nei, nett for det er så trøt og varmare for kvar dag. Eg trur neppe dette er det siste oppdraget vårt i den nære framtida, men me er førebudde på det, sluttar han.

Artikkeltags