Speedbåt gjekk ned ved kai

DEL

Torsdag ettermiddag fekk Nordhordland brann og redning melding om ein fortøydd speedbåt som tok inn vatn.

Naudetaten køyrde til kaien for å sjekka stoda, men då dei kom fram hadde båten gått ned.

Dermed var det ikkje så mykje anna å gjera enn å rekvirera ein kranbåt som etter ei tid kom til staden og fekk tatt speedbåten på land.

Artikkeltags