Vassleidningbrot på Fløksand

Deler av Fløksand er utan vatn fredag etter vassleidningbrot.

DEL

Fredag melder Meland kommune at fleire på Fløksand er utan vatn på grunn av vassleidningbrot.

Bebuarane det gjeld skal ha fått ei melding om problemet. Der skriv kommunen at vatnet vil vere borte store deler av dagen før feilen er reparert.

Dei opplyser også om at vatnet kan vere misfarga når det kjem tilbake. Dei rår derfor til å tappe vatnet første tappestad etter hovudkrana, inntil vatnet er klart og utan luft.

Artikkeltags