Rykte ut til diesellekkasje på Rossland

Brannvesenet rykte ut til diesel-lekkasje på Rossland. Rundt 600 liter diesel skal ha rent ut.

Brannvesenet rykte ut til diesel-lekkasje på Rossland. Rundt 600 liter diesel skal ha rent ut. Foto:

600 liter diesel har rent ut.

DEL

Like før klokka 17 onsdag ettermiddag fekk brannvesenet melding om ein diesellekkasje på Rossland i Meland kommune.

– Det er om lag 600 liter diesel som har rent ut, seier vaktkommandør Glenn Hamre ved 110-sentralen i Hordaland.

Brannvesenet har køyrd til staden og er i gang med å samla opp diesel.

– Vi jobbar på staden med oppsamling og med å strø på absorberande middel, seier Hamre.

Lekkasjen skal ha skjedd på ei privat adresse.

– Det er ein privatperson som har vore uheldig. Det har rent langs ein privat veg og litt ut på kommunal veg, seier Hamre.

Artikkeltags