No kan du nominera kandidatar til den siste kulturprisen i Meland nokosinne

No kan du nominera kandidatar til både Kulturrosa og Kulturprisen i Meland.

No kan du nominera kandidatar til både Kulturrosa og Kulturprisen i Meland. Foto:

Ordførar Øyvind Oddekalv håpar tradisjonen vil halde fram i Alver kommune.

DEL

Kvart fjerde år deler Meland kommune ut Kulturprisen, som er «ei utmerking for særleg fortenestefull og aktiv innsats for kulturlivet i kommunen gjennom lengre tid», etter det kommunen skriv på sine heimesider. Prisen kan gå til både ein person eller lag/organisasjon som passar kriteria.

Sidan 1984

Formannskapet i Meland gjorde i november 1984 vedtak om at kommunen skulle innføre utdeling av ein kulturpris, og sidan den gong er det delt ut 12 prisar. Prisen er ikkje berre på 5000 kroner, men i tillegg ein kulturgjenstand og eit æresbevis.

Sist gong prisen vart delt ut var i 2015, og den gjekk då til ekteparet Klara og Kaspar Hansen, som har lagt ned tallause timar på frivillig arbeid for lokalsamfunnet.

2019 er igjen eit år prisen skal delast ut, og denne gongen med litt ekstra symbolikk og tyngde bak prisen, i det den delast ut for siste gong frå Meland kommune.

– Eg håpar og trur dette er noko vi skal halde fram med i Alver kommune, men det er foreløpig ikkje tatt opp politisk. Så langt har vi ikkje kome endå, seier ordførar i Meland, Øyvind Oddekalv.

Kanskje siste kulturrose også?

Meland søkjer for tida også kandidatar til Kulturrosa også, som blir delt ut opp til fire gongar kvart år. Denne blir gitt til personar som legg ned ein særskild innsats for folk i nærmiljøet sitt, og prisen skal vere eit symbol på at innsatsen blir lagt merke til og sett pris på.

Aktuelle kandidatar til Kulturprisen og Kulturrosa kan sendast med grunngjeving til postmottak@meland.kommune.no innan 15. august, merka med anten «Kulturprisen 2019» eller «Kulturrosa 2019».

Nominasjon kan også sendast i posten til Meland kommune, postboks 79, 5906 Frekhaug.

Artikkeltags