Kokevarselet i Meland er oppheva

DEL

Klokka 13.05 melder kommunen at kokevarselet i Meland er oppheva, og vatnet i kommunen er friskmeldt.

– Det viser seg at det er gjort ein feil ved laboratoriet som analyserer vassprøvene for oss, seier Paal Tonning, Teknisk leiar i Meland kommune, til avisa Nordhordland.

Vatnet har vore frisk heile tida. Kokevarselet har medført store ulemper for mange rørte og dette beklagar Meland kommune.

Varsel er no sendt ut på sms til innbyggarane.

Teknisk leiar vil samtidig rosa staben på Melandskaret  som har gjort ein ypperleg jobb i ein tøff periode med lange dagar og mykje negativitet.

– Utan dei ville nok heile prosessen tatt ein god del lengre tid, seier han.
 

Artikkeltags