Leita etter person i sjøen

Lindås, Meland og Modalen brann og redning rykte ut med fleire bilar og brannbåten Melibra til Frekhaug kai etter melding om folk i sjøen.

Lindås, Meland og Modalen brann og redning rykte ut med fleire bilar og brannbåten Melibra til Frekhaug kai etter melding om folk i sjøen. Foto:

DEL

Brannvesenet fekk laurdag føremiddag melding frå politiet om at nokon hadde sett ein person som svømte utanfor den gamle ferjekaien ved Frekhaug i Meland.

Lindås, Meland og Modalen brann og redning rykte ut med fleire bilar og brannbåten Melibra til staden. Politi og ambulanse var også på Frekhaug kai.

Det vart gjort søk både frå land og med båt i området utan at det vart gjort funn.

Det var ein person som observerte noko som han tenkte kunne vera ein person som var ute og svømte i Salhusfjorden, fortel politibetjent Henrik Steffensen ved Nordhordland lensmannskontor.

– Etter å ha fått anvist staden og brannbåten har gjort søk i området, har vi konkludert med at det mest sannsynleg ikkje har vore ein person i sjøen.

Leiteaksjon Frekhaug kai.

Leiteaksjon Frekhaug kai. Foto:

Brannvesenet var også i kontakt med fiskarar som har vore på kaien i fleire timar. Ingen av desse skal ha observert noko i vatnet.

Søket vart avslutta like før klokka 11. Politiet melder at ingen er observert eller sakna.

– Vitnet er no usikker på om det kunne vore noko anna han såg, som dyr eller fuglar. Vi har folk på land, og er på veg ut med båt for å kontrollere, opplyser vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ole Jakob Hartvigsen til BA medan søket var i gong.

Naudetatane har også snakka med fleire personar på staden som ifølge vaktkommandøren har vore der lenge, og som ikkje har sett noko.

Leiteaksjon Frekhaug kai

Leiteaksjon Frekhaug kai Foto:

Artikkeltags