Ein mann slått medvitslaus etter slosting på Frekhaug – Gjerningsmannen stakk av i båt

Ein person skal ha blittslått medvitslaus etter slosting på Frekhaug

Ein person skal ha blittslått medvitslaus etter slosting på Frekhaug Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Like før klokka 22, laurdag kveld, fekk politiet melding om slosting i Badeviken på Frekhaug.

Det skal ha vore to-tre personar involvert i slostkampen og ein person skal ha vorte slått medvitslaus, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Avisa Nordhordland har snakka med fleire vitne som seier at dei plutseleg høyrde ein del hyling før det skjedde noko.

Politiet rykka ut med to patruljar og det vart sendt ein ambulanse til staden.

– Ein person skal ha vore medvitslaus, men er no vaken og pustar. Han blødde litt frå munnen. Det skal ha vore 2-3 personar involvert, opplyser operasjonsleder Frode Kolltveit i politiet til BA.

Ein person skal ha blitt slått medvitslaus i Badeviken på Frekhaug.

Ein person skal ha blitt slått medvitslaus i Badeviken på Frekhaug. Foto:

Gjerningsmannen stakk av i båt før politiet kom fram.

– Men vi vet kven dette er. Begge dei involverte er kjente for politiet frå tidligare, seier Kolltveit.

Dei to involverte er 28 og 27 år gamle

Tips Oss
TLF: 916 20 916 Mail: Redaksjonen@nordhordland.no SMS/MMS NHTIPS til 2005

Artikkeltags